Om Bessheim Fjellstue og Hytter
Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå 6. februar til 21. mai 2020, og Gjendeguiden har guida turar til Besseggen jamnleg heile vinteren og våren! Fottursesongen startar fredag 5. juni i 2020, for da startar Gjendebåten å frakte passasjerar for å gå Besseggen. Gjendebåten går kvar dag fram til 4. oktober 2020, og vi held ope like lenge. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering. Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og hytter. I tillegg har vi ein enkel campingplass. På Bessheim er det til saman 180 senger. Romma har fjellstovestandard med oppreidde senger, og dusj og toalett. Både standard og storleik varierer mykje på hyttene og leilegheitene.
...
Vis mer