Om Bøverdalen Vandrerhjem og Camping
Bøverdalen vandrerhjem ligg ved vegen i Bøverdalen, mot Sognefjellet – eit ypperleg startpunkt for vandring, sommarski og toppturar i Jotunheimen. Her er det kort veg til mykje flott natur, anten du likar å sykle, gå på ski, ta føtene fatt eller fiske.
Bøverdalen vandrerhjem ligg rett ved avkøyringa til Galdhøpiggvegen, som tek deg til Galdhøpiggen sommarskisenter og Juvasshytta, som startpunkt for turar til Galdhøpiggen. Bøverdalen Vandrerhjem har hyggelige rom og opphaldsrom, og vandrerhjemmet tilbyr overnatting i rom av ulike størrelser med vask, dusj og toalett på gangen. Også tilgang til kjøkken med utstyr. På campingplassen er det hytter i ulike størrelse. Alle har eigen kjøkenkrok og wc og dei fleste med dusj. Stor campingplass for både telt, campingvognar og bubil. Tilgang til strøm. Eige sanitæranlegg med vaskemaskin og tørkerom. Det er òg ein eigen bygning med skistall som består av 4 smørerom til preparering av ski, samt til oppbevaring. Gode parkeringsmoglegheiter og 50 meter til butikk og post - Coop Marked Bøverdalen.
...
Vis mer