Om Lefdal Invest Bobilparkering
Malakoff er ein musikkfestival som kvart år i veke 29 vert arrangert i vestlandsbygda Nordfjordeid. Malakoff har i over 20 år løfta fram og presentert ein solid miks av internasjonale, nasjonale og lokale artistar. Sjangermessig overvekt av rock i ulike former, men alltid i kombinasjon med andre aktuelle sjangar innan populærmusikken.
Den levande og stemningsfulle festivalen gir publikum ekte musikkglede, tett på artistane og i inspirerande omgjevnader. Malakoff er staden der gode konsertopplevingar, ny musikk og sommarstemning møtest – og gir deg minner du tek med deg lenge etter at siste tone har stilna.
...
Vis mer