Om Oddland Camping
Du finn oss ved den idylliske Hardangerfjorden, 4km frå Norheimsund, 80km frå Bergen. Koseleg, familiedrive hyttetun med panoramautsikt over fjorden. 50m til sjø og strand med rullestein.
Frå verandaen kan du nyta roa og den stemningsfulle kombinasjonen av fjord, fjell, lys og fargar som er vanskeleg kan lausriva seg frå. Ein rotur på fjorden eller ein tur til fjells, eit friskt sjøbad, smaken av nyplukka og søte plommer, møte med sauer og gjætarhund i arbeid, eller kanskje ein flott skitur - vi kan by på mange gode stunder ved Hardangerfjorden!
Vi har i alt 7 hytter. Ei ny vinterisolert familiehytte med to soverom, heilårsopen, og seks mindre hyttene som er opne frå april – oktober. Mellom hyttene og vegen har vi eit grøntareal med bord, benkar, kulegrill, volleyballnett og sandkasse. Trappetrinn ned til sjøen, ein veranda og ei lita badevik med rullestein og leikebåt.
...
Vis mer